No har eg kome til kapittel 12 i boka Izzat (for ærens skyld), som er skreivet av Nasim Karin. Eg har laga fem spørsmål til teksta så langt, men kjem no til å bløgge berre om eit.
Korleis opplevde Noreen barndomen sin i Noreg, kva følar ho og tenkjer ho?
Dette spørsmålet har eg tenkt mykje på, og det er det spørsmålet eg trur eg vil få mest ut av. Utanlandske foreldre oppdreg borna sine litt annleis enn kva norske gjer, og difor interesserer dette spørsmålet meg.
Å vekse opp skal vere ein bra ting, ein skal ha det gøy, ein skal ikkje ha nokre bekymringer og ein skal berre vere seg sjølv.Noreen kjem frå eit anna land ein Noreg, har ein annan religion enn det vi norske har og har òg ein annderledes barndom. Alle religionar har ulike reglar og følgje. Man blir oppdrege på ulike måtar. Noreen hadde ein fin barndom, med snille sysken og foreldre. Helt til Noreen byrja i 4 klasse.
Då Noreen byrja i 4 klasse fall alt saman. Ho vart mobba, slått av sin eigen far og mishandla av storebroren sin på grunn av æra til familien. Ho hadde ingen å snakke med anna enn sin lillesøster.
Å oppleve vald i ein alder av 10 år er det få i Noreg som gjer. Noreen var ein glad å blid jente, heilt til ho vart mobba på skulen. Dei kalla henne 'pakkis' og ' jævla utlending'.
Det var heller ingen som ville vere vener med henne fordi ho var frå eit anna land, og fordi ho 'lukta' vondt.
Ho klarte ikkje tenkja på noko anna enn å passe inn i jentegjengen og i samfunnet. Dette førde til spiseforstyrrelsen ''anoreksia''.
Noreen opplevde dette som eit mareritt, og etter å ha opplevt dette, fann ho ut at ho ville slutte og prøve å vere perfekt, dei fekk ta henne som ho var!
Man opplever som oftast ikkje det her i Noreg, berre nokre få, men det er fleire som har ein fin og bra barndom utan problem.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar